25.11. Idélab "Smarte bygg, smart framtid" i Ulstein
Idélab er ein workshop der vi utforskar og samlar innspel til smarte bygg og smarte samfunn. Arrangør er Ulstein kommune saman med NCE iKuben.
Kort om folk og bygg i Ulstein kommune
Ulstein kommune har om lag 8600 innbyggjarar. I tettstaden Ulsteinvik bur det om lag 5200.
Over 70.000 kvadratmeter eigedomsmasse er spreidd godt utover kommunen i dag. Mange av bygga er gamle og krevjande å vedlikehalde eller oppgradere.
Vi har hatt jamn auke i folketalet i fleire tiår. Sidan 60-talet har kommunen hatt ei auke i folketalet på 123 %. Tilflyttinga til har vore driven av sysselsettingsvekst og tilført arbeidskraft kjem i stor grad frå utlandet. Enkelte år har halvparten av alle fødde i Ulstein hatt eine eller begge foreldra frå utlandet.
Ulstein har utvikla eit meir kompakt og fortetta sentrum over fleire år, og med dette blitt ein meir attraktiv stad for eit sterkt næringsliv, for fastbuande og for besøkande.
Prisvinnar
I 2018 fekk fleirbruksbygget Ulstein Arena Statens pris for byggkvalitet, Saunesparken fekk i 2016 pris for Noregs beste uterom, og i 2012 fekk Ulstein kommune Statens pris for attraktiv stad.
Nye utfordringar for bygg og folk
Frå gamalt av var næringsgrunnlaget i tettstaden fiske og jordbruk. I dag er næringslivet dominert av den maritime industrien, til tross for ein reduksjon etter finanskrisa i 2008. Vi er ein konkurranseutsett region der næringslivet i stor grad opererer i globale marknader.
Perioden frå 2014 til 2018 var utfordrande for sysselsettinga i fylket, ikkje minst på grunn av nedgangen i oljerelatert næring. Koronakrisa i 2020 har sett arbeids- og næringslivet på ei ny prøve.
Innovasjon sammen
Målet med denne idélaben er å få nye idear i lag med nye partnarar, og sjå om noko kan bli til eit forskingsprosjekt. Finst det rom for å bruke systemet for innovativ anskaffing? Vi ynskjer oss konkrete idear som vi kan gå vidare med i lag.
Døme på tema vi vil drøfte
Korleis kan vi bruke teknologi for meir effektiv drift av gamle bygg?
Korleis kan teknologien vi nyttar i drift også brukast inn i helse og omsorg eller oppvekst?
Korleis kan vi få meir «grøne bygg»?
Korleis få ein meir berekraftig økonomi?
Korleis få bygg som opplevast som betre for brukarane?
Kan vi gjere noko lurt med dei gamle bygga våre for å få ein meir effektiv drift?
Korleis få til sirkulærøkonomi på drift og nybygg (gjenbruk av materiell m.m).?
Korleis få til betre arealutnytting slik at vi kan bygge mindre eller bruke eksisterande byggmasse?
Kva betyr lokalisering av bygg for miljø (reduksjon av transport, val av tomt og grunnforhold m.m).
Kontakt
Gabriele Hofinger Jünge, FoUI-leder