På bildet ser vi Øyvind Lislevatn, avd. leiar konsulent Tussa IKT.

Tussa IKT ny deltakerbedrift i iKuben

Tussa IKT leverer profesjonelle IT-tenester tufta på rein datakraft frå eit topp moderne datasenter, strategisk plassert i regionen.

Mange av kundane våre er marknadsleiande på sine felt, der informasjonsteknologi ikkje lenger berre er eit støttesystem, men ein viktig del av verksemda sitt DNA. Kundane våre ønskjer regional forankring og at spisskompetansen er tilgjengeleg lokalt.  Dei er opptatt av at vi produserer rein datakraft på 100 % fornybar energi, og at vi kjøler datasenteret ved å bruke «spillvarmen» til oppvarming av bygg. Kundane våre vil ha trygge private skytenester lokalt, samtidig som vi saumlaust og effektivt integrerer tenester frå nye digitale plattformer i det globale IT-økosystemet som vi er ein del av.

Saman med spesialiserte partnarar leverer og koordinerer Tussa IKT det bedrifta di treng av profesjonelle tenester, og legg til rette for å ta i bruk morgondagens teknologi. Det er smart å ta ein prat med oss.

Sikkerheit for dine data, effektive medarbeidarar og tryggare IT-kvardag gjennom:

  • IT-drift i eigne lokale, Tussa Datasenter eller frå globale aktørar
  • Integrasjon på tvers av tenesteleverandørar
  • Sikker og enkel identitetshandtering
  • Profesjonell servicedesk
  • Sikkerheitsmonitorering / analyse
  • BigData plattform
  • Fiberkommunikasjon regionalt og globalt

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Fyll inn din e-postadresse så holder vi deg oppdatert på alt som skjer i iKuben

Sponsorer

Sertifiseringer

sertifisering